| Rating. | 19.06.2008 |
|
NSF har lagt ut offisiell rating pr. juni 2008. For aktive spelarar
i klubben, finn de dei
nye
tala her. |
|
| Landsturneringa. | 18.06.2008 |
|
Tønsberg sjakklubb melder at ordinær påmeldingsfristen for årets
Landsturnering
er forlenga til 30. juni. Det er 8 spelarar frå Masfjorden sjakklubb
blandt dei 426 spelarane som så langt har meldt seg på. |
|
| Årsmøte. | 12.06.2008 | ||
Innkalling til årsmøte i Masfjorden sjakklubb har no gått ut til
medlemmane på e-post. Årsmøte vert halden på Sandnes skule onsdag
25. juni klokka 20.00.
|
|||
| Knarvik Senter sponser jentelaget. | 12.06.2008 |
| Knarvik Senter går inn som ny samarbeidspartnar for klubben sitt jentelag i Vestlandsserien. Avtalen inneber mellom anna at jentelaget skal stilla på eit arrangement i haust og eit i neste vår i Knarvik Senter. | |
| Bilder frå hurtigsjakkturnering | 08.06.2008 |
| Arne Tjølsen har lagt ut ein fin samling bilder frå gårsdagens hurtigsjakkturnering. | |
| Hurtigsjakkturnering | 07.06.2008 |
|
Ratingfavoritt Eirik T Gullaksen frå Bergens gjekk til topps i
dagens hurtigsjakkturnering med 5,5 poeng av 6. Kjetil Stokke, også
han frå Bergens, kom på andreplass med samme poengsum, men dårlegare
kvalitet. På tredjeplass kom Tom Eriksen frå Sotra SK. Best av våre
vart Andreas på femteplass med 4 poeng og Evy på sjetteplass med 3,5
poeng. Dagens største overraskelse stod bergenstalentet Andreas
Jansen for med sin åttandeplass i det 25 mann store feltet. Resultat |
|
| Hurtigsjakkturnering | 07.06.2008 |
|
Turneringa er i gang på Sandnes skule med 25 deltakarar på
startstreken. Dette er arrangøren svært nøgd med når ein ser ut
vindauga og registrerer nesten 30 grader i skyggen. Resultalistene blir fortløpande oppdatert. |
|
| Hurtigsjakkturnering | 04.06.2008 |
| Vi minner om hurtigsjakkturneringa på førstkommande lørdag. Det er no 17 påmelde, og rikeleg plass til fleire i lyse og luftige spelelokaler på Sandnes skule. | |
| Masfjorden SKU, årsmøte. | 02.06.2008 |
|
Årsmøte for Masfjorden SKU vart halden på Sandnes skule
sist onsdag. Odd Helge takka for seg i styret etter 10 år samanhengande som leiar. Bjørn H Benjaminsen vart vald til ny leiar for klubben. Med seg i styret får han Helge Kvinge, Kristine Kårdal, Lars Andås, Lillian N Andvik og ein representant frå spelarane når dei har hatt valg. Referat frå årsmøte finn de her. Styret hadde sitt første møte rett etter årsmøte. Referat finn de her. |
|
| Masfjorden SKU, årsmøte. | 26.05.2008 |
|
Årsmøte for Masfjorden SKU vert halden på Sandnes skule
førstkommande onsdag klokka 20.00. Saksliste finn de her. |
|
| Bergen Festspill BGP | 25.05.2008 |
| Lørdag 24. mai deltok Kjetil og Nina i Bergen Festspill BGP på Vitalitetssenteret i Bergen. Kjetil kom her på delt førsteplass saman med Mathias Sætre (Bergens) og Endre Borge Egge (Fana) i klasse miniputt. Dette var Kjetil sin andre førsteplass i årets BGP sesong. Nina kom på 7. plass i klasse lilleputt. | |
| Hurtigjubileum NVGP | 11.05.2008 |
| Lørdag 7. juni arrangerer Masfjorden SK hurtigsjakkturnering over 6 runder NSF Monrad på Sandnes skule. Meir info finn de ved å fylgja linkane over. | |
| Jubileums BGP/UGP | 11.05.2008 |
|
Lørdag 10. mai arrangerte Masfjorden SKU den andre jubileums BGPn i
vår. 23 spelarar i 4 ulike klassar nytta ein av dei finaste
vårdagane til sjakkturnering i tillegg til leik og morro på Sandnes
skule. I klasse ungdom vant Kjetil Stokke (Bergens) med Lisbeth Haugsvær (Masfjorden) og Antia Bratbak (Bergens) på dei neste plassane. Kadettane spelte i lag med ungdommane, men vart premiert kvar for seg. Vinnar i kadett vart Ole Emil Frisvold (Bergens) med Helen Andvik (Masfjorden) og Kjersti Holmaas (Masfjorden) på dei neste plassane. Jørgen Hoel (Bergens) gjekk til topps i Lilleputtklassen. Bergens tok og resten av pallplassane med Jonas H Rasmussen på andre og Andreas Jansen på tredje plass. I miniputt måtte ein venta til siste parti var ferdig for å få utløyst spanninga då dei to største favorittane spelte innbyrdes remis i andre runde og ellers vant alle sine parti. Til slutt gjekk det ikkje å skilja Kjetil Andås (Masfjorden) og Mathias Sætre (Bergens). Dei fekk begge 5,5 poeng og lik kvalitet. Dermed vart det delt førsteplass. På tredje i miniputt kom Adrian Hitland (Bergens) |
|
| Jubileums BGP/UGP | 25.04.2008 |
| Lørdag 10. mai arrangerer Masfjorden SKU den andre jubileums BGPn i vår. Meir informasjon, onlin-påmelding og liste over påmelde finn de ved å fylgja linken oppe til venstre. | |
| Bergen Hurtig-GP | 22.04.2008 |
| På førstkommande laurdag arrangerer Bergens Schakklub hurtigsjakkturnering over 6 runder. Tenketida er 25 min. pr. spelar pr. parti. Meir info, påmelding og liste over påmelde finn de her. | |
| Nordisk for jenter | 21.04.2008 |
| Det vart tap for både Evy og Lisbeth i siste runde av Nordisk Meisterskap for Jenter. Evy enda tilslutt på 9. plass med 1,5/5 poeng. Lisbeth enda på 10. plass med 1/5 poeng. | |
| Nordisk for jenter | 20.04.2008 |
| Ikkje heilt uventa vart det remis mellom Evy og Lisbeth i 4. runde av Nordisk Meisterskap for Jenter. I siste runde som startar klokka 14.30 søndag, møter Evy svenske Magdalena Bator (1869). Lisbeth møter Line Holen (1878). | |
| Nordisk for jenter | 19.04.2008 |
| Andre dag av Nordisk Meisterskap for Jenter i enda med tap i 2. runde og emis i 3. runde for Evy. For Lisbeth sin del vart det remis i 2. runde og tap i 3. runde. Dette resulterer i at våre jenter møter kvarandre i 4. runde som startar søndag klokka 09.00. | |
| Aktive spelarar | 19.04.2008 |
| Klubben sine medlemmar har deltatt i ulike
turneringar den siste tida. For 2 veker sidan deltok Stig, Evy,
Kjetil og Per Magnus i opent
KM for Hordaland. Stig kom her på ein fin 2. plass med samme
poengsum (4,5 av 5) som vinnaren Tore Tjensvoll frå Nordnes SK. I den tradisjonsrike Gausdal Classic deltok Odd. Her vart det til slutt 4 av 9 poeng i ELO-gruppa etter ein svært god start med poeng mot langt høgare rata motstandarar. Denne helga deltar Evy og Lisbeth i Nordisk Meisterskap for Jenter i Oslo. Både Evy og Lisbeth er rangert lavt i feltet med totalt 10 spelarar. Første runde vart spela fredag, Lisbeth (1208) tapte her mot Magdalena Bator (1869) frå Sverige. Evy (1426) spelte remis mot Louise Højen (1512) frå Danmark. Ein av favorittane i klassen, Katrine Tjølsen (2129) frå Bergens sigra i sitt første parti mot Elsa Maria Thorfinnsdottir (1781) frå Island. Runde 2 startar klokka 09.00 laurdag. NSF har offentleggjort nye ratingtal pr. april 2008. Tala for klubben sine medlemmar finn de her. |
|
| Fide rating | 01.04.2008 |
| Det er publisert nye ratingtal frå Fide i dag. Stig
har den største endringa av våre spelarar med Fiderating, pluss på
30 til 2158. For dei andre spelarane våre er det mindre endringar.
Ratingliste for klubben sine spelarar finn de her. |
|
| KM Hordaland 2008 | 10.03.2008 |
| Hordaland sjakkrets inviterer til KM i sjakk 4.-6.
April i Aktivitetshuset Blonden på Nestun. Dette er samme lokaler
som Fana SKU bruker til sine BGP turneringer. Forøvrig skal nettopp
Fana SKU arrangere BGP turnering i kantina i desse lokala lørdag 5.
april. KM er over 5 runder med 90 min. på 40 trekk og 30 min på resten av partiet. Det blir spelt 1 runde fredag, 2 på lørdag og 2 på søndag. Turneringa tel i NVGP. Best plasserte spelar med hovudmedlemskap i klubb frå Hordaland blir kretsmester og vil kunna delta i klasse Mester i Landsturneringa i Tønsberg. Informasjon, mulighet for påmelding og liste over påmelde finn de her. |
|
| Jubileums BGP | 09.03.2008 |
| Knut Eliassen tok ein del bilder under gårsdagens
turnering på Sandnes skule. De finn dei
her. Stor takk til Knut. |
|
| Jubileums BGP | 08.03.2008 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 37 spelarar stilte til start i årets første BGP
turnering på Sandnes skule. Desse var fordelt i 4 klassar, der
gjestane frå Bergens fekk alle klassevinnarane. I klasse lilleputt
vart det total Bergens dominans. Dei 5 første på
resultatlista kjem frå Bergens Schakklub. Pallen i dei ulike klassane:
Deltakarliste, info og påmelding finn de her. |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Masfjorden SKU | 07.03.2008 |
| I morgon går årets første BGP/UGP turnering av
stabelen på Sandnes skule. I skrivande stund er det 25 påmelde, og
plass til enda fleire. Deltakarliste, info og påmelding finn de her. |
|
| Masfjorden SKU | 06.03.2008 |
| Sist laurdag var 12 av klubben sine juniorar på
Sotra og kjempa om krinsmeisterskapen i sjakk for skulelag. I
klassen for barneskulelag stilte det 5 lag, 2 av desse frå Sandnes.
1. laget med Kjetil, Per Magnus, Nina og Tor Andre kom på sølvplass.
2. laget med Andreas, Håvard, Sondre og Øyvind kom og pallen med ein
overraskande tredjeplass. Rolland 1 blei krinsmeistrarar i denne
klassen. I klassen for ungdomskulelag stilte det berre opp 2 lag, Sandnes og Rothaugen. Etter ein match over 4 parti, blei Rothaugen kåra til krinsmeistrarar. På Sandnes sitt lag spelte Andreas, Sigve, Renate og Sigrid. Bilder frå turneringa finn de på Bergens sku sine sider. |
|
| Masfjorden SKU | 25.02.2008 |
| Årets første BGP/UGP turnering på Sandnes skule går av stabelen laurdag 8. mars. Informasjon finn de ved å fylja linken til venstre. | |
| Vestlandsserien | 24.02.2008 |
| Vi har lagt ut litt meir statestikk frå klubben sin innsats i Vestlandsserien dei siste 10 åra. De finn oversikta her. | |
| Partier | 23.02.2008 |
| Dei fleste partia som vart spelt i Masfjorden Jubileumsturnering er no lagt ut på nett. De finn dei her. | |
| Tekniske problem | 17.02.2008 |
| Dette web-området har ikkje blitt oppdatert dei
siste vekene på grunn av tekniske problem. Dette ser no ut til å
vera løyst. Nye offisielle ratingtal på klubben sine aktive medlemmar er lagt ut her. Nye ratingtal etter Jubileumsturneringa finn de her. Klubben sine lag har gjort det bra i årets Vestlandsserie. Meir om Vestlandsserien, Jente NM og andre aktivitetar kjem seinare. |
|
| Jubileumsturnering | 27.01.2008 |
| Stillheten har seinka seg over Sandnes skule.
Spelarar, foreldre og funksjonærar har gjort ferdig sine oppgåver og
reist heim. Tilsaman 39 spelarar har kjempa om poenga i turneringa
denne helga. I gruppe A sigra Kjetil Stokke (Bergens). I gruppe B sigra Vidar Edvardsen (Stavanger). Les meir her. Resultat Oppdatert: Bilder Bilder 2 (Takk til LNL) |
|
| Jubileumsturnering | 26.01.2008 |
| Etter 3 runder har Bergens duoen Katrine og Kjetil
tatt føringa i gruppe A med full pott. Bak desse jagar Stig K, Roger
Sætre, Hans J. Aadland og Odd Helge Birkestrand, alle med 2 poeng.
I gruppe B leiar Vidar Edvardsen (Stavanger) aleine med 3 poeng. Vebjørn Haugsdal (Masfjorden) kjem hakk i hel med 2,5 poeng. 4. runde startar søndag morgon klokka 10.00 Resultat Bilder Bilder 2 (Takk til LNL) |
|
| Jubileumsturnering | 26.01.2008 |
| Mobiltelefonen er etter kvart blitt ein naturleg del
av folks kvardag. så også for sjakkspelarar. I runde 2 fekk vi vårt
første tap på ringande mobiltelefon på 2 år i Masfjorden. Ut over dette vart det ikkje noko dramatikk i runden. Då vi fekk sendt heim skyttarlaget som hadde planlagt dugnadsarbeider i kjellaren på spelelokalet, senka roen seg over turneringa. Resultat Bilder |
|
| Jubileumsturnering | 25.01.2008 |
| I første runde vann alle ratingfavorittane i gruppe
A så nær som Gunnar Bue (1567). Etter tidsnauden måtte han innsjå at
slaget var tapt og stoppa klokkene i partiet mot Roger Sætre (1428). På første bord i 2. runde møtast Joachim B. Nilsen og Arn-Tore Haugsdal. I gruppe B er det 10 spelarar med 1 poeng. Størst spaning vil det vera rundt partiet mellom klubbkameratane Jørgen Hoel (1326) og Ole Emil Frisvold (1243) i 2 runde. 2. runde startar klokka 10.00 laurdag morgon. Resultat Bilder |
|
| Jubileumsturnering | 25.01.2008 |
| Ca 10 minutt forseinka satte turneringsleiar Arne
Tjølsen (Bergens) igang klokkene i gymsalen på Sandnes skule. 35
spelarar starta sitt første parti i kveld, 4 sluttar seg til
turneringa i morgon. Med totalt 39 spelarar må vi seie oss fornøgd
med oppslutnaden om årets turnering. Rundeoppsett |
|
| Jubileumsturnering | 25.01.2008 |
| Det er no berre 6 timar igjen til 1. runde startar i Jubileumsturnering. Så langt er det 41 påmelde til turneringa. Erfaringsmessig vil det seie ei deltaking på mellom 35 og 45 spelarar. Lista over påmelde er oppdatert. Dei som skal ha wo i første runde har det markert i parentes ved etternamnet. Vi satsar på fortløpande oppdatering av resultat utover kvelden. | |
| Jubileumsturnering | 20.01.2008 |
| Det er no 5 dagar igjen til 1. runde startar i
jubileumsturneringa. Så langt er det 30 påmelde spelarar. Både
spelelokalet og overnattingstilboda har plass til fleire. Dei som har tinga madrass må ta med sovepose. Dei som har tinga rom med seng, må ta med laken, dynetrekk og putevar. Eventuelt sovepose |
|
| Vestlandsserien | 13.01.2008 |
| 1. laget tok ein svært overbevisande siger 4,5 - 0,5
borte mot Sotra 1 i dagens runde i 1. divisjon. Dag, Stig, Arn-Tore
og Olav sigra på sine bord, mens Odd Helge spelte remis mot Afshin
Alikhani på 5. bord. 2. laget sigra og i dag. Mot Bergens 4 vart sluttsiffra 3 - 1. Alexander og Emil sigra, Sigve og Vebjørn spelte remis. 3. laget fekk det som venta svært tøft mot Førde som stilte med spelarar godt over 1000 ratingpoeng høgare enn våre på 3 av borda. På tross av dette gjekk jentene våre til brettet med godt mot og offensiv haldning. Elin, Renate og Kjersti viste mykje godt spel, men måtte til slutt gje tapt for overmakta. Til slutt sat Lisbeth igjen og spelte seg til remis på førstebord mot Øystein Hjertnes. Bilder frå årets Vestlandsserie |
|
| Vestlandsserien | 12.01.2008 |
| Både 2. og 3. laget var i aksjon i Vestlandsserien i
dag. 2. laget klarte 2-2 mot Bergens 6. Poenga kom med siger på 1. bord med Alexander og siger på 4. bord med debutant Per Magnus. 3. laget tapte 1,5-2,5 mot Bergens 4. Her kom poenga med remis på 3. bord for Kjertsi og siger på 4. bord for endå ein debutant i vestlandsserien, Sigrid. I morgon skal alle 3 laga i aksjon. 1. laget mot Sotra 1 i 1. divisjon. 2. laget møter Bergens 4 og 3. laget skal møta 2. divisjon sin suverene leiar - Førde. |
|