| Klubbturnering 2007 | 18.12.2007 |
| Dagens avsluttande runde i klubbturneringa samla 12
spelarar til dyst på Sandnes skule. På første bord kjempa Odd Helge
lenge mot Arn-Tore, men måtte til slutt gje tapt. Odd sigra mot Sveinung, Sigve sigra mot Lisbeth, Alexander sigra mot Emil og Yngve sigra mot Vebjørn. Sjølv med tap i dag stod Vebjørn igjen som vinnar av gruppe B. Alle resultat finn de her. Ny rating |
|
| Klubbturnering 2007 | 17.12.2007 |
| I morgon er det klart for 6. og siste runde i årets
klubbturnering. Som kjent i reglane for turneringa, blir det ingen
wo-remis ved fråvær. Så har de ynskje om meir poeng i turneringa, må
det spelast i morgon. Oppmøte frå klokka 18.15. Runden startar
klokka 18.45. Alle resultat finn de her. |
|
| 1. Plass | 14.12.2007 |
| Ein av klubben sine mest aktive medlemmar for tida
er Stig K. I tillegg til seriesjakk og ulike helgeturneringar, har
han i haust deltatt i Bergens sin haustturnering i gruppe mester. Som den beskjedne karen han er, gjekk han stille gjennom denne turneringa, ubeseira og med 7 tellande poeng holdt det til første plass. Klubben gratulerar! Resultatlister. |
|
| Klubbturnering 2007 | 11.12.2007 |
| 8 spelarar stilte til dagens utsatte 5. runde i
klubbturneringen. Odd Helge sikra seg årets meisterskap ein runde før slutt med siger mot Vebjørn på første bord i kveld. Me gratulerer! På andrebord førte Arn-Tore i land heilpoenget mot Odd i eit langt og seigt parti. På tredjebord sigra Bjørn mot Marius, og Emil vant mot Elin i deiras underhaldane parti. Alle resultat finn de her. 6. og siste runde er satt opp på førstkommande tirsdag 18. desember. |
|
| Vestlandsserien | 09.12.2007 |
| Det vart ein mager poengfangst på dei tre laga våre
i dagens oppgjer i Vetslandsserien. Av 13 parti vart beholdninga
fattige 3 poeng. På førstelaget sigra Stig på førstebord, mens Odd Helge delte poenget på femtebord. Dei tre andre tapte etter å ha spelt seg opp i lovande stillingar undervegs. Andrelaget måtte nøya seg med eitt fattigt halvtpoeng mot Voss. Marius spelte remis på fjerdebord mot Kåre Langeland. Tredjelaget tok 1 poeng. Dette var det Kjersti som sikra på fjerdebord. Bilder. Neste runde i Vestlandsserien går av stabelen 12. og 13. januar. |
|
| Vestlandsserien | 08.12.2007 |
| Andrelaget fekk det tøft mot høgare rata spelarar på
Bergens 5 i dag. Det enda med 1-3 tap. Andreas sto for poenget på
førstebord der han var den einaste av våre spelarar som var
ratingfavoritt. Tredjelaget klarte 2-2 mot Voss. Kjersti vann på 4.
bord. Evy og Elin spelte remis på 1. og 3. bord. I morgon spelar alle tre laga våre heimekamp på Sandnes skule med start av partia klokka 12.00 |
|
| Vestlandsserien | 07.12.2007 |
| På laurdag reiser andrelaget til Bergen for å spela mot Bergens 5. Tredjelaget skal på tur til Voss. Søndag skal alle tre laga spela på Sandnes skule klokka 12.00. Førstelaget skal møta Bergens 2, andrelaget møter Voss og tredjelaget møter Bergens 6. | |
| Klubbturnering | 04.12.2007 |
| Nye speledagar for runde 5 og 6 i klubbturneringa blir tirsdag 11. og tirsdag 18. desember. | |
| Klubbturnering | 28.11.2007 |
| Dagens runde i klubbturneringa er utsatt til neste veke. | |
| NM for ungdom | 23.11.2007 |
| NM for ungdom starta i dag i Fredrikstad med 7
Masfjordspelarar på startstreken. Andreas, Evy og Kjetil står alle
med 2 av 2 poeng etter dagens runder. Alexander, Lisbeth og Elin har
1 av 2, mens Sigve har 0,5 av 2. Arrangøren har oppdatering av resultat her. |
|
| Vestlandsserien | 18.11.2007 |
| I dagens utsatte kamp i Vestlandsserien sigra Masfjorden II 3-1 mot jentene på Masfjorden III. Evy og Bjørn spelte remis på 1. bord. Det samme gjorde Sigve og Lisbeth på 2. bord. Vebjørn sigra mot Renate på 3. bord, mens Kjetil tok heilpoenget mot Kjersti på 4. bord. | |
| Masfjorden BGP/UGP II | 18.11.2007 |
| Det vart heimesiger i alle 4 klassane i gårsdagens
BGP/UGP turnering på Sandnes. Marius var einaste spelar i klasse
ungdom, Andreas vann kadett, Sigve vann lilleputt. Desse tre
klassane spelte i ei gruppe. I klasse miniputt sigra Kjetil med 5 av
6 poeng. Alle resultat finn de her. Bilder |
|
| Vestlandsserien | 11.11.2007 |
| 1. laget tok i dag 2 viktige lagpoeng borte mot
Nordnes i Vestlandsserien etter siger 3-2. Stig, Arn-Tore og Olav
sikra poenga med siger på 2. 3. og 4. bord. 2. og 3. laget er for tida slått ut av sjukdom, og har fått tillatelse til å flytta matchen til neste helg. |
|
| Vestlandsserien | 10.11.2007 |
| Dagens kamp mellom Masfjorden 2 og Masfjorden 3 er flytta til i morgon klokka 12 pga sjukdom. | |
| Masfjorden BGP/UGP II | 09.11.2007 |
| Laurdag 17. november er det BGP/UGP turnering på
Sandnes skule. Det er no mogleg å melda seg på til turneringa på
nett. Informasjon og påmelding |
|
| Vestlandsserien | 09.11.2007 |
| Årets sesong i seriesjakken startar denne helga. På laurdag spelar Masfjorden 3 mot Masfjorden 2 i 2. divisjon på Sandnes skule. Partia startar klokka 12.00. På søndag tar 1. laget turen til Bergen for å revansjera tapet i siste runde sist sesong mot Nordnes. | |
| Klubbturnering 2007 | 07.11.2007 |
| Det vart spelt 3 parti i dagens runde i
klubbturneringa. I alle partia innfridde ratingfavorittane. Odd Helge - Bjørn 1 - 0 Alexander - Odd 0 - 1 Elin - Lisbeth 0 - 1 Oppdatert tabell finn de her. |
|
| Klubbturnering 2007 | 05.11.2007 |
| På førstkommande onsdag er det klart for 4. runde i årets klubbturnering. | |
| Stor aktivitet. | 29.10.2007 |
| November månad nærmar seg med stormskritt, og dette
er ein av dei månadene som har størst tilbod til turneringsaktivitet
for sjakkspelarar her i fylket.
Seriesjakken startar allereie om knappe to veker, nærmare
bestemt helga 10.-11. november. Masfjorden SK stiller i år med eitt
lag i første divisjon og to lag i andre divisjon. Helga etterpå er det BGP/UGP turnering på Sandnes skule den 17. 11. Samme dag går den tradisjonsrike hurtigsjakkturneringa Bronstein CUP på Sotra. Om ein vel BGP eller Bronstein CUP, så er det ei fin opplading til NM for Ungdom helga etterpå i Fredrikstad. For dei som framleis klarer å flytta brikker denne månaden, så går Bergen GP i månadsskiftet november-desember. Innimellom all denne aktiviteten har me to rundar i klubbturneringa, samt at Masfjorden SKU har sine treningskveldar om torsdagane på Sandnes skule. |
|
| Sandefjord GP | 29.10.2007 |
| Stig deltok i helga i Sandefjord GP i lag med 78
andre spelarar. Resultata for Stig vart litt i underkant med 3 av 5
poeng og ein 15. plass i gruppe A. Alle resultat finn de her. |
|
| Klubbturnering 2007 | 24.10.2007 | ||||||||||||||||||
Til dagens 3. runde i klubbturneringa møtte det opp
10 spelarar. Toppoppgjeret vart på første bord mellom far og son
Birkestrand. Noko overraskande førte junior dei svarte brikkene til
siger for første gang i eit rata parti mot senior. Etter halvspelt
turnering tronar Odd Helge på topp med 3 av 3 moglege poeng.
|
|||||||||||||||||||
| Klubbturnering 2007 | 22.10.2007 |
| På førstkommande onsdag er det klart for 3. runde i årets klubbturnering. Turneringsleiaren håpar på større oppmøte enn sist runde då det berre møtte opp 6 spelarar. | |
| Glitnir Blitz | 20.10.2007 |
| Kjetil Stokke frå Bergens vann i dag kvalifiseringa
til Glitnir Blitz-finalen. Stokke tok 12 av 15 poeng i turneringa
som samla 27 deltakarar på Vestkanten kjøpesenter i
Loddefjord. Stig K. vart best av masfjordspelarane med 9 poeng og 6.
plass. Andre resultat: Evy 8 p. 13. plass. Odd 7,5 p. 16 plass. Lisbeth 7 p. 22. plass. |
|
| Glitnir Blitz | 17.10.2007 |
| Førstkommande laurdag er det lynsjakkturnering over 15 runder på Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord. Dette er kvalifisering til superturneringa Glitnir Blitz Norway som er i Oslo helga etter. Vinnaren på Vestkanten får dekka reise, opphald og deltaking i Oslo. For dei som ikkje vinner turneringa, er det og gode premiar. Turneringa tel og i den landsdekkande NVGP-serien. Meir info og liste over påmeldte på Vestkanten finn de her. | |
| Odd i VM for senior. | 26.09.2007 |
| Etter ein noko treig start, har poengfangsten til
Odd i VM tatt seg kraftig opp dei siste rundane. Fasit etter ni
rundar er 3,5 poeng. 2,5 av desse har Odd kjempa inn på dei 4 siste
rundane med tre remisar og ein siger. |
|
| Klubbturnering 2007 | 26.09.2007 |
| 2. runde av klubbturneinga gjekk i dag med kun 6 frammøtte spelarar.
I fråværet til dei andre med siger i første runde nytta Odd Helge
høve til å ta føringa i turneringa med siger over Sveinung. Marius
fulgte opp det gode spelet frå BGP-en sist laurdag, og sigra tidleg
mot Lisbeth. Caroline overraska stort i sitt comeback etter over eit
års pausa med siger over Alexander. Alle resultat finn de
her.
|
|
| Masfjorden BGP/UGP | 22.09.2007 |
| Vi minner om Masfjorden BGP/UGP I som startar
laurdag klokka 11.00. Oppmøte og registrering frå klokka 10.00. |
|
| Odd i VM for senior. | 18.09.2007 |
| Odd er for tida den einaste av klubben sine medlemmer som spelar i
turnering. Dette i årets VM for senior som starta i går. 1. runde partiet for Odd enda med tap mot Friedhelm Dahlhaus (GER 2161). Dagens 2. runde parti enda med remis mot Kurt Seiser (AUT 2051). Partiet finn de her. |
|
| Jubileumsturnering | 17.09.2007 |
| Masfjorden SK og
Masfjorden
SKU feirar i 2008 30 års jubileum. Først ute i ei rekke med
aktivitetar for å markera dette, er Jubileumsturnering NVGP siste
helga i januar. Turneringa vil bli spelt i to grupper der gruppe B
er stengt for spelarar med 1500 eller høgare i rating. Gruppe A er
open for alle som vil delta der. Allerede no har me registrert dei
første
påmeldte til turneringa. Først ute var Stig K. Martinsen. Av
langvegsfarande var Gunnar Bue frå Tønsberg først ute med påmelding.
Meir info finn de
her. |
|
| Klubbturnering 2007 | 05.09.2007 |
| Så langt er det 14 spelarar som har meldt seg på årets
klubbturnering. Av desse stilte 10 til start i dagens første runde.
Partiet det knytta seg størst spenning til i kveld var mellom
Alexander og Andreas. Dette enda med poengdeling etter 2,5 times
spel. I dei fire andre partia enda det med favorittsiger. Meir informasjon og
alle resultat finn de
her.
|
|
| Klubbturnering 2007 | 25.08.2007 |
| Dato for første runde av årets klubbturnering er onsdag 5.
september. Nytt av året er at me utvider til 6 runder. Ellers blir
det omlag samme opplegg som dei to siste åra. Meir informasjon finn
de
her.
|
|
| Styremøte | 22.08.2007 |
| På torsdag 23. august vil styret ha haustsesongens første møte. Har
medlemmane saker dei vil styret skal ta opp, må dei meldast til
leiar: Odd Birkestrand
|
|
| NM i cafesjakk | 11.08.2007 |
IM Eirik Gullaksen (Bergens) gjekk til topps i årets NM i cafesjakk. Det var 84 deltakarar, 11 av desse frå Masfjorden SK. Stig vart best av våre med ein sterk 4. plass og 5 av 6 poeng. Andreas vart nr. 37 med 3 poeng og Arn-Tore nr. 43 med 3 poeng. |
|
| Bergen Sommer NVGP | 11.08.2007 |
Før siste runde var Stig ein av heile 6 spelarar på delt førsteplass med 3,5 poeng. Alle desse 6 møttes på dei tre øverste borda. Stig tapte mot bergenstalentet Elias deMac som etter kvalitetsrekning vann turneringa. Evy sat inn ein liten sluttspurt dei siste to rundane. I femterunde vart det remis mot Erlend Blom (Fana), og i siste runde sigra ho mot Terje Lie (Bergens). I gruppe B blei det ein ny remis for Lisbeth i femte runde mot Ole Emil Frisvold (Bergens). I siste runde vart det tap mot Jostein Sørhus (Bergens). |
|
| Bergen Sommer NVGP | 09.08.2007 |
I gruppe A vart det ein ny remis for Stig i runde 4. Denne gang mot Tomas Bryn (1952). Då alle dei øverste borda enda med poengdeling, er Stig ein av 5 spelarar på delt førsteplass med 3 poeng. Det vart eit nytt tap på Evy i denne runden. Motstandar var Majid Jelogir (1320). I gruppe B sikra Lisbeth seg eit halvpoeng mot Olav Hjortås (1322). |
|
| Bergen Sommer NVGP | 07.08.2007 |
Lisbeth vant det utsatte 1. runde partiet mot Bård Fadnes (1391). Ein time etter dette partiet var ferdig, sat ho seg til brettet igjen. Denne gangen mot Tor Botheim (1398). Her vart det desverre tap etter eit spennande parti. 3. runde for Lisbeth resulterte i eit nytt tap. Denne gangen mot Pål Andersen (1088) frå Sevland. I gruppe A har Evy tapt i både runde 2 og 3. Mot Øyvin Strand (1761) i andre runde, og mot Tor Gunnar Nordnes (1658) i tredje runde. Stig har sanka godt med poeng i dei tre første rundane. Mot Anita Grønnestad (1875) i andre runde vart det heilpoeng, og remis mot storfavoritten Kjetil Stokke (2365) i tredje runde er absolutt godkjent. |
|
| Bergen spillfestival | 06.08.2007 |
Lørdag vart det spelt Bergen Spillfestival BGP/UGP for born og ungdommar på Torgallmenningen. Her var det med 4 Masfjord spelarar. Søndag 5. august starta den etterkvart så tradisjonelle Bergen Sommer NVGP på Vitalitetssenteret. I A-gruppa som tel 20 spelarar med eit ratingsnitt på 1732, stiller Stig K. (2121) og Evy (1481) frå Masfjorden. I gruppe B som har 14 deltakarar med eit snitt på 1171 stiller Lisbeth (1096) frå Masfjorden. Bjørn var oddetalsreserve, og spelar ikkje. I første runde møtte Stig veteranen Gunnar Bue (1571) til dyst. Partiet enda med favorittsiger til Stig. Evy møtte Stig B. Larsen (1826). Partiet enda med tap for Evy. Lisbeth må venta til mandag formiddag med sitt parti mot Bård Fadnes (1391) i gruppe B. Alle resultat frå 1. runde og alle partia finn de
her. |
|
| Baltic Sea Cup | 06.08.2007 |
Lørdag møtte Andreas reisekamerat og bergenstalentet Joachim B. Nilsen(1958). Ikkje uventa enda dette med tap. I siste runde blei det eit nytt tap for Andreas mot Bjørn Møller Ochsner(1905). Etter ei lang veke med sjakk og andre sommaraktivitetar på Bornholm vart status 3 av 9 poeng mot ein snittmotstand på 1972. Alle resultata finn de her. |
|
| Baltic Sea Cup | 03.08.2007 |
På torsdag spelte Andreas remis mot Jan Kargaard Jensen (1894). Fredag var det på ny duka for dobbeltrunde på Bornholm. Første parti endte med remis mot Orla Kristiansen (1842) og dagen vart avslutta med siger mot Anders Hansen (1795). Andreas står då med 3 av 7 moglege poeng i Baltic Sea Cup. Runde 8 startar lørdag kl. 14:00, og siste runde startar søndag kl. 10:00. Alle resultata finn de her. |
|
| Baltic Sea Cup | 01.08.2007 |
Dobbelt runden tirsdag vart ikkje noko særleg for Andreas på Bornholm. Med svart mot både Morten Rasmussen (1979) og Tobias R. Bøje (1931) enda det med tap i begge rundane. På torsdag blir det på ny kvite brikker. Denne gangen mot Jan Kargaard Jensen (1894). Alle resultata finn de her. |
|
| Baltic Sea Cup | 31.07.2007 |
Andreas er er ein av ei heil rekke med nordmenn som brukar delar av sommaren på sjakk i Danmark. Baltic Sea Cup starta i går på idylliske Bornholm i Østerjøen. På grunn av forseinka ankomst blant ei heil rekke av deltakarane, måtte Andreas spela 1. runde partiet klokka 0900 i dag. Dette enda med siger mot Derik Lardot (FIN 2034). Etter ein kort pause starta då 2. runde. Her vart det tap mot IM Thorbjørn Bromann (DEN 2413) for Andreas. Turneringa har 118 deltakarar og fortsetter med dobbeltrunde på onsdag. Alle resultata finn de her. |
|
| Bergen spillfestival | 25.07.2007 |
Lørdag 4. august startar årets spelfestival i Bergen. For sjakkfolket startar det med Bergen Spillfestival BGP/UGP for born og ungdommar lørdag på Torgallmenningen. Søndag 5. august startar den etterkvart så tradisjonelle Bergen Sommer NVGP på Vitalitetssenteret. Turneringsspelet for sjakkfolket blir avslutta med NM i cafesjakk på Sardinen fredag 10. august. Lørdag 11. august er det planlagt simultanoppvisning med norske elitespelarar. Arrangørane av dei ulike sjakkturneringane oppfordrar til tidleg påmelding då dette vil letta planleggingsarbeidet. |
|
| Landsturneringa | 19.07.2007 |
| Me har lagt ut nokre bilder frå Landsturneringa
her. |
|
| Landsturneringa | 15.07.2007 |
| Landsturneringa vart avslutta med 9. runde laurdag.
Dette vart og den klart beste runden for masfjordingane. Klubben
sine spelarar sanka saman 8 av 11 moglege poeng denne runden. Best
av våre vart til slutt Odd Helge med 5,5 poeng og ein svært sterk
10. plass i klasse 3. 5,5 poeng enda og Sigve på i lilleputtklassen. Dette heldt til ein 16. plass i klassen med 53 deltakarar.
Debutantane Lisbeth (klasse 4), Marius (klasse 5) og David
(miniputt) kom og fint i frå si første Landsturnering med
henholdsvis 4,5 - 4 og 4 poeng. I klasse 3 enda Yngve på 4 poeng. Bjørn var med som ein av 8 dommarar i landsturneringen. Før siste runde vart han tildelt Ungdommens Sjakkforbund (USF) sitt heidersteikn i gull for sin innsats i Masfjorden SKU, Hordaland Barne og Ungdoms Sjakkrets og i styret til USF. Me kjem tilbake seinare med meir stoff, bilde og parti frå NM. |
|
| Landsturneringa | 12.07.2007 |
| Landsturneringa går sakte mot slutten på Hamar. Våre spelarar har i runde 6 tatt 5,5 poeng og i runde 7 tatt 6 poeng. I tillegg deltok Stig, Marius, Lisbeth og Sigve i laglynsjakk med tidshandikap på tirsdag. Fredag startar runde 8 klokka 10:00. På kvelden blir det arrangert NM i lynsjakk. 9. og siste runde går på lørdag klokka 10:00. | |
| Landsturneringa | 11.07.2007 |
| Runde 5 er no ferdig i årets Landsturnering. I mandagens dobbeltrunde slo Alexander til med siger i begge partia. Dette fulgte han opp med remis i tirsdagens runde og er no på 50 % score i kadett A. Odd gjekk på sitt første tap i tirsdagens 5 runde. Han ligg med dette på ein sjuande plass, 1 poeng bak teten i klassen. | |
| Landsturneringa | 08.07.2007 |
| Det blei ein mager poengfangst for våre spelarar i dagens andre runde av Landsturneringa. Odd og marius er så langt klubben sine toppscorarar med 1,5 poeng kvar etter remis i dagens parti. Lisbeth og David vannt begge to i dag. Odd Helge spelte på ny remis. Stig tapte eit svært langt og spennande parti. Evy og Alexander står begge to utan poeng så langt. Dette får dei god anledning til å retta på i morgondagens dobbeltrunde. | |